Ny rapport: Alternativ teknologi kan gi store fordelar for ferjer og hurtigbåtar

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har tre konsulentmiljø utarbeidt rapporten "Klimatiltak innanfor kollektivtransport". Rapporten analyserer bedriftsøkonomiske og samfunnsøkonomiske kostnadar ved anskaffing av fossilfrie teknologiar for bussar, ferjer og hurtigbåtar, med anslått kostnadar per tonn redusert CO2.

– Det er viktig at klimapolitikken innrettast slik at vi får størst mogleg kutt i utslipp per krone vi bruker. Rapporten viser at det er store kostnadsforskjeller mellom ulike klimaløysingar. Det er interessant at både elektriske bybussar og ferjer er i ferd med å bli konkurransedyktige, samstundes som hydrogen og biogass krev betydelege subsidiar frå skattebetalarane på både kort og lang sikt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Elbusser og ladeinfrastruktur er allereie tilgjengeleg for middels lange byturar, og rapporten viser at kostnaden ved å kjøpe elbusser vil falle og etter kvart liggje under kostnaden ved dieselbussar. For ferjer anslår ein at batteri vil ha lågast samfunnsøkonomiske kostnader og vere den mest modne teknologien på kort sikt. For hurtigbåtar er lav- og nullutslippsteknologiane for dei aller fleste rutene foreløpige umodne. Rapporten viser at hydrogenteknologi er relativt kostbar innafor analyseperioden.

Samferdselsdepartementet arbeider nå med ein ny plan for å nå målet om en fossilfri kollektivtransport innan 2025.

Hele rapporten kan du lese her.

Til toppen