Historisk arkiv

Ny rapport frå SSB om konsekvensane av klimakutt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statistisk sentralbyrå fekk i samband med Klimakur 2030 eit eige oppdrag om å gjennomføre ein makroøkonomisk analyse og analysere dei samla kostnadane ved ein 50 prosent reduksjon i ikkje kvotepliktige utslepp. Rapporten er no klar.

SSB vart samtidig bedt om om å gjere ei vurdering av om, og i tilfelle korleis, tiltaksanalysane og tilhøyrande tal for kostnadar kunne nyttast i den makroøkonomiske analysen.

Rapporten Abating greenhouse gases in the Norwegian non-ETS sector by 50 per cent by 2030 - A macroeconomic analysis of Climate Cure 2030 vurderer dei langsiktige makroøkonomiske konsekvensane av ein 50 pst utsleppsreduksjon ved hjelp av likevektsmodellen SNOW for norsk økonomi.

- Det er positivt å få ein rapport frå SSB som vurderer dei samla kostnadane ved utsleppskutt. Rapporten vil være eit viktig bidrag til kunnskapsgrunnlaget for klimapolitikken, seier statsråd Rotevatn.

Rapporten til SSB viser at dersom vi skal kutte norske ikkje kvotepliktige utslepp med 50 prosent frå 2005-nivå innan 2030, vil nokre tiltak minst nå kostnader på mellom 3 000 og 3 500 kronar per tonn. Redusert skatt på arbeidsinntekt kan hjelpe til å dempe dei negative samfunnsøkonomiske konsekvensane. Samstundes er det stor uvisse knytta til berekningane. Til dømes viste berekningar i ein rapport frå SSB frå 2016 ein kostnad på 4800 kroner per tonn for å redusera utsleppa med 40 pst. Tala er ikkje heilt samanliknbare, mellom anna sidan klimapolitikken er blitt styrka og utviklinga av ny teknologi har gått raskare enn tidlegare lagt til grunn.

Kostnadene er funne ved å undersøkje kor høg ein utsleppspris på klimagassar vil måtte bli i ikkje-kvotepliktig sektor for å nå målet sett i forhold til referansebana. Til dette er modellen SNOW brukt. Ikkje-kvotepliktige utslepp omfattar blant anna transport utanom luftfart, jordbruk, mykje av avfallssektoren, samt bygg og anleggsverksemd. Analysen finn at kostnadseffektive kutt finst i alle sektorar.

Den makroøkonomiske analysen ser på tiltaka i alle sektorane i samanheng, og bereknar totalkostnader og makroøkonomiske konsekvensar. Slik utfyller den Klimakur 2030-rapporten publisert av Miljødirektoratet i januar i år, som rekna ut kostnader ved enkelttiltak.