Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny rapport: Fylkesmannen si samordning av statleg tilsyn er blitt styrka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmannen si samordning av statleg tilsyn med kommunane er blitt styrka på dei fleste område. Det viser ein ny rapport.

Fylkesmannen si samordning av statleg tilsyn med kommunane er blitt styrka på dei fleste område. Det viser ein ny rapport.

- Regjeringa legg til rette for at statleg tilsyn skal fungere godt. Slik vil vi bidra til at innbyggjarane får gode tenester, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I 2007 fekk fylkesmennene ansvar for å samordne alt statleg tilsyn med kommunane. Dette omfattar også tilsyn frå andre enn fylkesmannsembeta sjølve, som til dømes Arbeidstilsynet og Mattilsynet. Målet er mellom anna eit meir oversiktleg, einskapleg og føreseieleg statleg tilsyn. Kommunal- og regionaldepartementet har bede Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) undersøkje korleis denne samordninga fungerar i praksis.

Rapporten viser at fylkesmennene har teke viktige steg for å samordne alt tilsyn i tid. Nokre har mellom anna felles kalendrar for tilsyn. Dei har også samordna det praktiske ved tilsynsbesøk i kommunane. 

Val av metode og innretning av tilsyn blir i stor grad styrt av dei ulike sektormyndigheitene, og er i mindre grad samordna. Rapporten viser at kommunane i hovudsak opplev at systemrevisjon som metode fungerar betre og er ei meir lærande innretning av tilsyn, samanlikna med andre former for statleg tilsyn. Kommunane grunngjev dette i at metoden held kommunane sitt eige styringssystem til ansvar, og at tilsynet difor ikkje er eit reint tilbakeskodande tilsyn.

Fylkesmannen har høve til å samordne reaksjonar, men rapporten viser at dei i praksis nyttar dette lite.
Rapporten synleggjer at det framleis er nokre utfordringar knytt til samordning av statleg tilsyn. Tilbakemeldingar frå tilsette i kommunar er at statleg tilsyn med kommunane varierar til dels mykje med omsyn til omfang og innretning, metodebruk, grad av rettleiing og utforming av tilsynsrapportar. Fleire kommunar opplever at mengda av og trykket i tilsyn er stort. Dei fortel om manglande samordning i tid og stad. Tilsynet kan då bli ei belastning som går ut over læringsutbyttet, fordi kommunane då fokuserar meir på å gjere seg klåre for tilsynsbesøket, enn på å heve kvaliteten i det kommunale tenestetilbodet.

- Vi får også viktig og ny kunnskap om utfordringar og mogelegheiter for arbeidet med eit endå betre samspel mellom tilsyn og den kommunale eigenkontrollen, seier Navarsete. 

• NIBR sin rapport om tilsyn

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

 

Til toppen