Ny rapport om kunstinnkjøp ved norske kunstmuseum som covid-19-tiltak

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Kunsthistorikar Jorunn Veiteberg har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet kartlagt kunstinnkjøpa som norske kunstmuseum har gjort gjennom tre ekstratildelingar av innkjøpsmidlar som covid-19-tiltak i 2020 og 2021.

Rapporten "Eit paradigmeskifte? Kunstinnkjøp ved norske kunstmuseum som covid-19-tiltak"

Rapporten gjer mellom anna greie for kva innkjøp som er gjort, korleis dei er valde ut, kvar kunsten er kjøpt og korleis innkjøpa fordeler seg mellom kjønna. Rapporten identifiserer nokre tendensar som gjer det mogeleg å reisa spørsmålet om det er eit paradigmeskifte på gang i norske kunstmuseum. Sjølv om musea i stigande grad på heile 2010-talet har problematisert manglande representasjon av kvinnelege kunstnarar i samlingane, er det likevel ganske nytt å gjera kjønn, og likeins etnisk mangfald, til satsingsområde og til eit kvalitetskriterium i innkjøpsstrategien, slik fleire tykkjest å ha gjort i desse innkjøpa.

Veiteberg meiner at materialet syner at spørsmål om kven som er representert, kven sine forteljingar som får plass og kva som blir opplevd som relevant, no ligg til grunn for samlingsarbeidet ved dei fleste musea.

Rapporten konkludere med at dei ekstra tilskota har hatt stor effekt når det gjeld å styrka musea sine samlingar av samtidskunst, motivera kunstnarane til å halda fram med skapande arbeid, og sikra galleri og visingsstadar omsetning i eit år der dei enten måtte halda stengt eller ha få besøkande i gongen. Den snevre tidsramma for innkjøpa har valda problem, men sjølve tilskota har blitt sterkt verdsett. Det varige provet er at 908 kunstverk no er blitt ein del av den felles kulturarven som offentlege museumssamlingar utgjer.