Historisk arkiv

Ny rapport fra følgjegruppa for barnehagelærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning (BLU) har levert sin andre rapport til Kunnskapsdepartementet.

– Den nye rapporten gir nyttige og konkrete innspel i det vidare arbeidet med lage ein enda betre barnehagelærarutdanning, seier statssekretær Birgitte Jordahl.

Følgjegruppa for barnehagelærarutdanning vart oppnevnt av Kunnskapsdepartementet i juni 2013. Den skal fram til juni 2017 følgje innføringa av den nye barnehagelærarutdanninga og bidra til å sikre at reformen blir gjennomført etter Kunnskapsdepartementets intensjoner og i tråd med gjeldande styringsdokument. 

Den nye rapporten heiter Barnehagelærarutdanninga: Meir samanheng, betre heilskap, klarare profesjonsretting?Arbeidet med rapporten har denne gongen hatt eit særlege blikk på:

  • nokre område i tilknyting til iverksetjinga av det andre og tredje studieåret
  • arbeidet med praksisopplæringa
  • kunnskapsområdet kunst, kultur og kreativitet
  • pedagogikk i barnehagelærarutdanninga
  • forskingsbasert barnehagelærarutdanning

Les mer om rapporten fra BLU