Ny raudliste syner at vi må gjere meir for å redda truga artar

Dette innholdet er mer enn 2 år gammelt.

Den nye raudlista frå Artsdatabanken fortel at det går feil veg med mange artar i Noreg. Regjeringa vil gjere meir for å redda norske artar frå å døy ut.

Fjellrev er ei positiv nyhet. I den nye raudlista er fjellrev gått ned ein kategori frå kritisk trua til sterkt trua
Raudlista utgjer eit viktig grunnlag for ein kunnskapsbasert naturforvaltning. Fjellrev er ei positiv nyhet. I den nye raudlista er fjellrev gått ned ein kategori frå kritisk trua til sterkt trua. Foto: Anne Mathilde Thierry/NINA CC BY 4.0.

– Raudlista er ein institusjon i norsk naturforvaltning. Status for artane i vårt langstrakte land gir oss ein viktig peikepinn på korleis stoda er. Lanseringa av ny raudliste for artar er difor ein dag vel verdt å markera, sjølv om stoda er alvorleg for mange artar, seier statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet.

Naturutfordringane er like alvorleg som klimautfordringane

Norge sine fremste ekspertar har vurdert risikoen for om 23 405 ulike arter i Noreg kan døy ut. Totalt er 2804 artar og underartar blitt kategorisert som truga i den nye raudlista.

– Vi må ta inn over oss at naturutfordringane er like alvorleg som klimautfordringane, og at dei er sterkt kopla saman. Raudlista viser at langt fleire artar enn før er negativt påverka av klimaendringar. Regjeringa vil satsa på løysingar som er bra for både klima og natur, såkalla naturbaserte løysningar. Vi må gjere meir for å ta vare på naturen, seier Aleksander Øren Heen.

Redda truga norske artar og naturtypar

Langsiktig og berekraftig forvaltning av naturressursane er grunnprinsippet i miljøpolitikken. Noreg har eit nasjonalt mål om at ingen artar eller naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre.

Regjeringa vil sikra naturmangfaldet gjennom ein kombinasjon av eit godt nasjonalt regelverk og god og langsiktig lokal forvaltning.

– Regjeringa har i Hurdalsplattformen slått fast at vi vil intensivere arbeidet med å redda truga norske artar og naturtypar. Vi vil òg etablera ein meny av ulike tiltak som hjelper til å oppretthalda eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Og vi vil laga gode metodar for korleis ein fører naturrekneskap, seier Aleksander Øren Heen.

Naudhjelp til naturen

Miljøforvaltninga arbeider med fleire svære prosessar. Mellom anna gjennom prosjektet for truga natur, som inneber sektorvise tiltak for eit utval truga artar og naturtypar. Målet i truga natur-prosjektet er at artane skal betrast med ein raudlistekategori innan 2035.

Miljødirektoratet gir tilskot til restaurering og skjøtsel av artsrik naturtypar, til dømes slåttemark og myr, som er svært viktige leveområde for mange raudlista artar.

Vi er og i gong med ei ny naturkartlegging, og har tatt i bruk eit nytt fagsystem for å måle økologisk tilstand kor vi identifiserer kva slags natur som treng naudhjelp. Her nyttar vi raudlista som grunnlag for kor vi skal setta inn tiltaka.

Internasjonale raudlister

Utfordringa med å ta vare på naturmangfald er internasjonal. På same måte som Artsdatabanken lagar Noreg sin nasjonale raudliste for artar, finst det tilsvarande ei global raudliste utarbeida av Verdens naturvernunion (IUCN) og ei europeisk raudliste.

Dette kunnskapsgrunnlaget står sentralt i samband med det internasjonale arbeidet som blir gjort for å ta vare på naturmangfaldet.

Norsk raudliste for artar 2021

I arbeidet med raudlista for 2021 er risikoen for at 23 405 arter skal døy ut frå norsk natur vurdert. Det er om lag 2500 fleire artar enn i den førre raudlista frå 2015.

Arbeidet er gjort etter internasjonalt anerkjent metodikk av Artsdatabanken, i samarbeid med Noregs fremste fagekspertar på dei ulike artsgruppane.

Artane på raudlista er gruppert og rangert i ulike kategoriar. Kvar kategori seier noko om kor høg risiko artane har for å døy ut, om dei rådande forholda fortsett.

Norsk raudliste for artar 2021
Kvar av dei 23 405 artane har blitt vurdert til ein av kategoriane: 1) Kritisk trua: Ekstremt høg risiko for å døy ut frå norsk natur, 2) Sterkt trua: Svært høg risiko for å døy ut frå norsk natur, 3) Sårbar: Høg risiko for å døy ut frå norsk natur, 4) Nær trua: Artar som ligg tett opp til dei tre kategoriane over, eller som truleg vil vere trua i nær framtid. Foto: Artsdatabanken