Historisk arkiv

160 verneverdige kyrkjer blir sikra mot brann og vêr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Som eit ledd i trygginga av kulturarven vår får 160 kyrkjer i desse dagane pengar til å skifte ut slitne el-anlegg, gamle varmeomnar og utbetre tak som lek og murar som sprekk.

– Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjane våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg. Dei betyr óg mykje for folk som sentrum for livshendingar i by og bygd, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Samla er det 70 millionar kroner som Riksantikvaren på vegner av staten del ut denne gongen. Av desse er 21 millionar kroner til tiltak som gjeld elektriske installasjonar.

Det har vore ei auka satsning på istandsetting av gamle kyrkjer. Dei siste tre budsjettåra har regjeringa til saman løyva 172 millionar kroner til sikring av kulturhistoriske kyrkjer rundt om i landet.

Om tilskotet

Tilskotet skal dekkje inntil 60 prosent av kostnaden for oppussinga.  Kommunane på staden må óg bidra økonomisk. Den øvre grensa for støtte er på 900 000 kronar. Kva for kyrkjer som vert omfatta av støtta, og kva for sikringstiltak som kan gjennomførast, avgjerast av mellom anna av antikariske myndigheter og kyrkjelege instansar i samråd.

Liste over kirker som får tilskudd til klimaskallsikring

Liste over kirker som får tilskudd til utskifting av elektrisk hovedfordeling/sikringsskap og rørovner