Historisk arkiv

Skjerpa krav til vinterdekk for tunge køyretøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Det skal vere trygt å ferdes på norske vintervegar. Difor har eg no bedt Vegdirektoratet skjerpe reglane for vinterdekk for tunge køyretøy ytterlegare. Farlege vogntog skal bort frå norske vegar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet bad fredag Vegdirektoratet om å skjerpe kravet til vinterdekk for tunge køyretøy.

– Dette er eit tiltak i arbeidet for auka sikkerhet og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale.

Påbod om vinterdekk blei innført i 2013 og 2014

Regjeringa innførte i 2013 eit påbod om vinterdekk for tungbil over 3500 kg med unntak av løfteakslar. I 2014 blei dette påbodet utvida, og det blei innført påbod om vinterdekk på alle akslar.

Det blei i 2013 og 2014 meldt eit ønske om å sjå ytterlegare på krava til merking av vinterdekk på et seinare tidspunkt, i lys av den tekniske utviklinga og tilgjengelegheita av ulike typar dekk. Tyske myndigheiter har skjerpa krava til vinterdekk for tunge køyretøy, slik at det berre er dekk merka med det såkalla "alpesymbolet", (Three Peak Mountain Snow Flake) som er godkjent.

Samferdselsdepartementet har no bede Vegdirektoratet vurdere om ein skjerping etter same mønster som i Tyskland bør bli foreslått i Noreg.

Vegdirektoratet skal også vurdere om eit skjerpa vinterdekkrav berre bør gjelde drivande og styrande akslar slik som i Tyskland, eller alle hjul, inkludert hjul på tilhengar. Tilgjengelegheita av denne type dekk og i korleis grad det vil være nødvendig og forsvarleg med ein overgangsperiode, skal også vurderast. I Tyskland er det gitt ein overgangsperiode frem til 30. september 2024 for bruk av dekk merka M+S, produsert før 31. desember 2017.

Ei rekkje tiltak er gjennomført

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak mot dårleg skodde vogntog dei siste åra. I førre uke kunne samferdselsministeren melde om ei styrking av kontrollen av tunge køyretøy i Nord-Noreg. Sjå pressemelding av 16. januar.

 

For meir informasjon, sjå: