Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Brussel

Fiskeriminister Harald T. Nesvik møter EUs fiskerikommissær Karmenu Vella fredag 9. november.

- Eg ser fram til å møte EUs fiskerikommisær Karmenu Vella. Det framtidige fiskerisamarbeidet, etter at Storbritannia går ut av EU, står på dagsordenen for møtet. Det er viktig at vi kommer i gong med reelle forhandlingar mellom Noreg, Storbritannia og EU om rammene for dette samarbeidet, seier Nesvik.

Nær 60 prosent av den norske sjømateksporten går til EU.

- EU er vår viktigaste handelspartnar innan sjømat. Det inneber at Noreg er EUs største leverandør, og EU er vår største marknad for sjømat. Regjeringa jobbar for betre marknadsadgang, seier Nesvik.

Dette er første gongen Nesvik møter Vella. Nesvik skal også møte NHO og den europeiske tenketanken European Policy Center.

Til toppen