Meir pengar til regnskog

Regjeringa føreslår å setje av 3 milliardar kroner i 2018 til innsats for å ta vare på regnskogen. Dette er ei auke på 118 millionar kroner frå 2017.

– Om vi skal nå måla i Paris-avtalen om å avgrense jordas oppvarming til mindre enn to grader, må vi stanse øydelegginga av regnskogen, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Noregs viktigaste globale klimainnsats

Klima- og skoginitiativet er Noregs viktigaste globale klimainnsats. I 2016 betalte Noreg for kring 20 millionar tonn reduserte utslipp av klimagassar frå tropisk skog i samarbeidslanda. Det svarer til nesten 40 prosent av dei norske utsleppa i same år. Initiativet reduserer også store mengder utslepp indirekte, utover direktebetaling for verifiserte utsleppsreduksjonar.

Noreg er ein av dei største bidragsytarane i verda på dette området. – Å bevare regnskog er noko av det mest effektive vi kan gjere for å stanse klimaendringane, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.  Skogen kan bidra med så mykje som 1/3 av klimaløysninga. Derfor vil Regjeringa vidareføre klima- og skoginitiativet på eit høgt nivå fram til 2030.

Økonomisk utvikling er ein del av løysinga

Klima- og skoginitiativets strategi er å bidra til at utviklingslanda får økonomisk utvikling, samstundes som skogen får stå. Samarbeid med næringslivet er heilt sentralt. Mange store selskap har vedteke å produsere handelsvarer som soya, palmeolje og papirmasse utan å øydelegge skogen. – Vi utviklar nye modeller som gjer det mogleg for næringslivet å investere i produksjon av varer, utan at det blir mindre skog, seier Vidar Helgesen. Han trekker fram fondet &green som eit døme på dette. Fondet vart lansert under World Economic Forum i Davos i 2017, og skal redusere risiko i slike investeringar.

Sterke interesser bak avskoginga

Drivkreftene bak avskoginga er sterke i alle landa som Noreg er i skogpartnarskap med. I Indonesia har styresmaktene vedteke eit moratorium – eit mellombels forbod - mot øydelegging av skog på torvmyr, for å hindre at jorda blir brukt til mellom anna palmeoljeplantasjar. Dersom myndigheitene handhever dette moratoriet, vil det spare jordkloden for fleire milliardar tonn utslepp av klimagassar.

I Amazonas blir overvakinga av skogen stadig betre, og det er lettare å oppdage ulovlig hogst av regnskog. 

Noreg støtter mellom anna Brasil, Peru og Indonesia i deira viktige innsats mot skogkriminalitet. Ein reknar med at ulovleg hogst utgjer mellom 50-90% av hosten som skjer i dei store tropiske eksportlanda.