Historisk arkiv

Høyring: Dreiing av luftfartsavgiftene skal styrke konkurransekrafta til norsk luftfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Eg vil styrke den allmenne konkurransekrafta til norsk luftfart og betre lønsemda for kommersielle flyruter i distrikta. Difor sender vi no ut ein høyring med forslag til omlegging av dei avgiftene flyselskapa betaler for tenester frå Avinor, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Med dette følger han opp Granavolden-plattforma sin ambisjon om å restrukturere luftfartsavgiftane for å sikre auka konkurransekraft.

– Samanlikna med mange andre land i Europa lar vi flyplassane i Noreg bere ein større del av kostnadane knytt til flysikringstenestene, særleg dei såkalla innflygingstenestene. Eg vil foreslå å flytte nokre av desse kostnadane, slik at dei flya som berre flyg gjennom det norske luftrommet må dekke ein del som er meir lik det dei møter i andre land, seier Dale.

Samferdselsdepartementet foreslår i dette høyringsnotatet tiltak for korleis dette kan gjerast. I det same notatet vurderer departementet óg avgiftsendringar som er retta mot den svekka lønsemda for kommersielle distriktsruter.

– Eit mogleg grep er å på nytt å gje fritak frå plikta til å betale for nokre tonn av den vektbaserte startavgifta, seier Dale. Det vil redusere den konkurransemessige ulempa dei lette flya som vert brukt på mange av distriktsrutene har, fordi dei har mange avgiftspliktige avgangar per dag.

Fritak frå startavgifta bør være mogleg å gjennomføre raskt dersom det er nødvendig. Flytting av flysikringskostnadene er mest naturleg å gjennomføre frå 1. januar 2020 – då tredje referanseperiode av det felleseuropeiske systemet for effektivisering av flysikringstenestene trer i kraft.

Høyringa har frist 26. april 2019.

 

For meir informasjon, sjå høyringa: