Historisk arkiv

Eit utval skal sjå på norsk luftfart

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Eit utval utnemnt av regjeringa skal no sjå på korleis ein kan vidareutvikle luftfarten på ein best mogleg måte. Direktør Sverre Quale vil leie utvalet. Utvalet vil bestå av medlemmer med god kunnskap om luftfartssektoren og representantar frå både arbeidstakarsida og arbeidsgivarsida.

–  Regjeringa er opptatt av å sikre god mobilitet for folk og næringsliv. For store deler av næringslivet er eit godt flytransporttilbod avgjerande for fortsatt drift, og for mange menneske er det avgjerande for at dei skal kunne bu der dei ønsker. Regjeringa vil derfor no sette ned eit utval som skal gje oss eit godt kunnskapsgrunnlag for framtidig politikkutforming på luftfartsområdet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Liberaliseringa av den globale luftfartsmarknaden går i retning av ein stadig meir open global marknad. Dette har ført til økt konkurranse mellom flyselskap, lågare billettprisar og sterk vekst i flytrafikken. For flypassasjerane er dette ei positiv utvikling, men globalisering og økt konkurranse kan også ha utilsikta sider, mellom anna større miljøbelastning.

– Å leggje til retta for – og hausta fruktene av – globalisering og auka konkurranse, og samstundes gjere dei utilsikta og uheldige konsekvensane av denne utviklinga så små som mogeleg, krev ein aktiv luftfartspolitikk. Dette krev i sin turgod kunnskap om dagens situasjon for flyselskap, arbeidstakarar, miljø og tryggleik, og gode vurderingar av kva som er ei sannsynleg utvikling framover. Det er dette vi ynskjer å få no, seier Dale.

For meir informasjon, sjå mandatet for utvalet (pdf).