Historisk arkiv

Tenestetilbodet til trafikantane held fram i Levanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– For regjeringa er det avgjerande å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet. Særleg for dei tenesta som framleis krev oppmøte må det vere eit tilgjengeleg tilbod rundt i heile landet. Vi har no nøye vurdert forslaga frå Statens vegvesen, men også lytta til innspel og forslag frå lokale aktørar. Mellom anna betyr det at det tenestetilbodet som var foreslått nedlagt i Levanger likevel held fram, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

I november i fjor leverte Statens vegvesen sitt endelege forslag til ny tenestemodell og -struktur for tenesta på trafikant- og køyretøyområdet. Bakgrunnen er dei store endringane Statens vegvesen går gjennom, både som ein følgje av overføring av fylkesvegoppgåver til fylka og omstilling av etaten. No har regjeringa vurdert forslaga, og har konkludert med framtidig tenestestruktur.

Levanger har i dag tilbod om skranketenester, teoriprøver og praktisk prøve for motorsykkel, traktor og personbil både med og utan tilhengar. Dette var eitt av stadene kor tenestetilbodet var foreslått lagt ned, men som likevel held fram med dagens tilbod. Særleg har omsyn til ungdom og lokalt næringsliv vært avgjerande i konklusjonen om at tilbodet i Levanger held fram.

- Førarkort og køyretøyteneste er viktige for svært mange, både privatpersonar, næringsverksemd og lokalsamfunn, rundt om i heile landet. Det er viktig for ungdom som skal ta førarkort at dette kan skje utan for lang reiseveg og for mye fråvær frå skule, og det er viktig for næringsaktørar innanfor bilbransjen at dei ikkje må frakte køyretøya unødig langt for å få gjennomført de tenesta dei skal, seier samferdselsministeren.