Historisk arkiv

Nye reglar skal hindre juks på verkstad og i transportbransjen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa jobbar for trafikksikre køyretøy og ei seriøs transportbransje. Difor innfører vi no nye reglar som vil betre kontrollen på bilverksted og kvaliteten på kontrollane. Det blir også strengare reglar for fartsskrivarar som registrerer køyre- og kviletid i tunge køyretøy. Desse tek til å gjelde i dag, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Regelendringane inneber mellom anna strengare krav til verkstader og kontrollørar som utfører PKK-kontroll. Endringane heng saman med nye europeiske reglar på området.

– Du skal kunne føle deg trygg når du leverer bilen din inn på ein verkstad. Både på at dei som jobbar der veit kva dei gjer, men også på at dei følgjer alle lovar og reglar. Vi skjerpar no krava til godkjenning, kompetanse og tilsyn med verksemder som gjennomfører periodisk kontroll av køyretøy og dei tilsette i kontrollorgana, seier Dale.

Skjerpa kontroll av fartsskrivaren

Det skal også bli vanskelegare å jukse med fartsskrivaren som registrerer køyre- og kviletid i tunge køyretøy. Det blir det mellom anna skjerpa krav til kontroll av fartsskrivaren og til godkjenning og tilsyn med fartsskrivarverksemdene. Det blir også lovfesta at kontrollane langs veg skal være baserte på risiko. Regelendringane gjeld også på køyretøyverkstader som ikkje er kontrollorgan eller fartsskrivarverkstad.

– Målet er å sikre god kvalitet på tenestene verkstadene leverer gjennom krav til godkjenning og tilsyn, og å hindre ulovleg arbeid på motorvogn. Dette vil gje betre tryggleik for bileigarane, dei seriøse aktørane i bransjen, og for andre trafikantar, seier Dale.

For meir informasjon, sjå vegvesen.no.