Inspirert av digitale Estland

Estland ligg langt framme på digitalisering av offentlege tenester. – Dei arbeider systematisk med digitale tenester og er samstundes opptekne av personvern, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Måndag besøkte han hovudstaden Tallinn i Estland og målet for turen var å lære meir om Estland sitt arbeid med digitalisering av samfunnet.

Etter at landet blei sjølvstendig i 1991, tok estarane tidleg ei avgjersle om å vere eit digitalt føregangssamfunn. Dei bygde offentlege system nærast frå grunnen av. Dermed kunne dei bygge system både i det offentlege og private som la til rette for digitale løysingar. Elektroniske id-kort og mobil-id er grunnlag for dei digitale tenestene.

- Medan Estland fekk ein ”restart”, er utfordringa i Noreg at vi stor grad har gamle system som vi må få til å snakke saman digitalt , seier Sanner.

Han var spesielt oppteken av spørsmål rundt personvern og digital kompetanse under besøket. Alle politibilar i Estland har dataløysingar der dei enkelt kan søkje opp bilar eller personar. Dette fekk statsråden demonstrert i ein politibil i Tallinn.

- Alle slike søk blir registrerte, og alle innbyggjarar får informasjon om slike søk. Lurar dei på kvifor politiet har søkt dei opp, kan dei sende ein epost til politiet og få svar i løpet av tre til fem dagar. Prinsippet er at alle eig informasjonen om seg sjølv, seier statsråden.

Sanner var også i samtale med presidenten i Estland, Toomas Hendrik Ilves. Iilves er sjølv ein ivrig pådrivar i arbeidet med digitalisering i landet.

Statsråden besøkte to skular på reisa si. Han møtte ivrige skuleelevar ved Gustav Adfoi Gümnaasium og såg korleis e-læring fungerte hos dei. På Tallinna reaalkool, ein skule som satsar spesielt på realfag, møtte han elevar som konkurrerer internasjonalt med eigenprogrammerte robotar.

Statsråd Jan Tore Sanner sammen med politiet i en politibil
Digitale søk: I alle estiske politibilar er det utstyr for å¨søke opp personar eller bilar. Og alle som blir søkt opp, har rett til å vite kvifor. Foto: KMD
Statsråd Jan Tore Sanner saman med estiske fjerdeklassingar
E-læring: Estiske fjerdeklassingar fortel statsråd Jan Tore Sanner om sin digitale kvardag. Foto: KMD
Digitalt showroom
Showroom: Estland vedtok tidleg å bli eit digitalt føregangsland. Dei har eige showroom der dei viser systema sine. Foto: KMD
Statsråd Jan Tore Sanner og Estlands president Toomas Hendrik Ilves
President: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner møtte Estlands president Toomas Hendrik Ilves til samtale om den digitale satsinga i Estland. Foto: KMD