Historisk arkiv

Ny søknadsrunde for mentorordning i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Er du ny bonde i Trøndelag, Sogn og Fjordane, Hordaland, Agder, Hedmark eller Oppland, kan du søkje om å får delta i mentororodninga til Norsk Landbruksrådgiving.

Mentorordninga er ei prøveordning finansiert over jordbruksavtala for perioden 2017-2019 og blir forvalta av Norsk Landbruksrådgiving i samarbeid med faglaga i landbruket og Innovasjon Noreg.  Nye produsentar innan både tradisjonelt landbruk og innan andre landbruksbaserte næringar kan søkje om å få ein mentor som kan gje råd til nye bønder/unge bønder i ein krevjande oppstartsfase. Det har vore god oppslutning om ordninga i alle regionane så langt i forsøket, med etablering av 10-15 mentorpar i kvar region i 2018. Søknadsfrist er 1. desember. 

Du kan lese meir om mentorordninga og søknadsrunde for 2019 hos:

Kvinnelig bonde i fjøs.
Er du ny bonde i Trøndelag, Sogn og Fjordane, Hordaland, Agder, Hedmark eller Oppland, kan du søkje om å får delta i mentororodninga til Norsk Landbruksrådgiving. Foto: Colourbox