Ny teknologi gjer det mogeleg å analysere åkeren på mobil

I framtida kan bonden, med hjelp av eit bilete og ein app, sjekke status på eige jorde. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner nye teknologiske løysingar er viktig for å gjere landbruket smartare og meir effektivt, og har ein avgjerande rolle i den vidare utviklinga av næringa.

Forskingsprosjektet «FOREFF» skal finne ulike måtar å fornye grasenga på som er effektive og har ein mindre kostnad. Levetida for ei vanleg graseng er som regel fire til fem år før den blir ploga og sådd på nytt. Det kostar både tid og pengar. Difor er det viktig å behalde god kvalitet på enga lengst mogleg. Forskarar meiner at bildeanalysar av plantetettheit, som gir informasjon om ulike planteartar, vil vere eit godt hjelpemiddel til å vurdere effekten av ulike tiltak på åkeren. Prosjektet har eit totalbudsjett på 16,2 millionar kroner.  

– Forsking og teknologiutvikling, òg eit godt samarbeid mellom kunnskapsmiljøa og næringa, er heilt sentralt for omstilling og produktivitetsvekst i norsk landbruk, seier Dale. 

– Norske bønder er ivrige på å ta i bruk avansert teknologi. Fjøsa blir stadig meir automatiserte. Ny kunnskap og teknologiutviklinga skaper òg attraktive arbeidsplassar for den komande generasjonen av bønder, fortset han.  

Dronebilde av felt med ulik plantetetthet før isåing med rødkløver.
Dronebilde av felt med ulik plantetetthet før isåing med rødkløver. Foto: Victor Rueda-Ayala/NIBIO

Prosjektet blir leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO),  som samarbeider med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), Nord Universitet og Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Teagasc frå Irland, Maynooth University (MU), frå Irland. 

Prosjektet blir finansiert av Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri, Addcon Nordic AS, Agromiljø AS, Animalia, Fiskå Mølle, FK Agri, FK Rogaland Agder, Felleskjøpet fôrutvikling, Norske FK, Nortura, Rogaland Fylkeskommune, Strand Unikorn, TINE Rådgiving og medlem og Yara Norge.