Ny tilskotsordning for sjøfolk

Den nye tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk gjeld frå 1. mars. Samstundes får konstruksjonsskip i norsk internasjonalt skipsregister (NIS) lov til å ta oppdrag på norsk sokkel.

Næringsminister Monica Mæland (foran) og finansminister Siv Jensen (bak) med Lars Peder Solstad i Rederiforbundet, som varsler massiv hjemflagging av skip.
Næringsminister Monica Mæland (foran) og finansminister Siv Jensen (bak) med Lars Peder Solstad i Rederiforbundet, som varsler massiv hjemflagging av skip. Foto: Trond Viken, NFD

- Tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk er det viktigaste verkemiddelet for å halde på maritim kompetanse i Noreg. Den sikrar også at norske sjøfolk og skipsfartsnæringa har like rammevilkår som i EU, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Den nye tilskotsordninga er ei oppfølging av maritim strategi, som regjeringa la fram i fjor sommar.

- Den maritime næringa legger grunnlaget for et mangfald av bedrifter og skaper arbeidsplasser i alle deler av landet. Regjeringa er oppteke av å sikre konkurransedyktige norske skipsregistre og legge til rette for norske sjøfolk og reiarlag, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

- Dette handlar om å tryggje arbeidsplassar og om å skape nye arbeidsplassar. Maritim næring sysselsett over 100.000 menneske i Noreg. Dagens endringar i reglane vil bidra til at vi fortsatt kan være ein maritim stormakt, seier Monica Mæland.

Mjukar opp regler i skipsregistra
I tillegg får konstruksjonsskip i norsk internasjonalt skipsregister (NIS) no tilgang til oppdrag på norsk sokkel.

Regjeringa opnar opp for at fleire skip kan vere registrert i NIS. Dette er i tråd med Fartsområdeutvalets rapport. Utvalet foreslo oppmjukingar i reglene for NIS-skip i kystfart, offshore konstruksjonsskip og utanriksferjer, kombinert med ei utviding av tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk.

Venter på godkjenning
Endringane i regelverket gjeld frå 1. mars. Reiarlag kan dermed opparbeide seg rettar frå og med andre termin 2016.

Den nye tilskotsordninga er sendt over til EFTAs overvakingsorgan (ESA).

Reiarlaga vil likevel ikkje kunne få utbetalingar før endelig godkjenning er på plass. Nærings- og fiskeridepartementet ventar at ordninga godkjennast innan utbetalingstidspunktet for andre termin.

NIS-passasjerskip i utanriksfart utsetjast
Notifiseringa av den særskilde tilskotsordninga for NIS-passasjerskip i utanriksfart er utsett. Bakgrunnen er at ESA har opna sak mot Noreg knytt til fartsområdeavgrensingane dessa skipa har i dag. Av den grunn utsettast også den varsla oppmjukinga av fartsområdeavgrensingane for utanriksferjene. 

Her kan du laste ned regjeringas maritime strategi Maritime muligheter – blå vekst for grønn fremtid.

Les meir om refusjonsordninga på Sjøfartdirektoratet sin nettside – www.sdir.no/refusjon