Historisk arkiv

Ny tvisteløysingsnemnd etter arbeidsmiljølova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Kongen i statsråd har valt ny tvisteløysingsnemnd etter arbeidsmiljølova for perioden 1. november 2016 til 31. oktober 2019.

Nyoppnemning av nemnda skuldast endringar i forskrifta om tvisteløysingsnemnda, som vart fastsett 23. juni 2016, og som vil gjelde frå i dag. Den viktigaste endringa er at talet på faste medlemer i nemnda aukar frå tre til ni. Kvar enkelt sak skal som før settast med tre faste medlemer. Tvisteløysingsnemnda sin kapasitet blir dermed auka monaleg.

Advokat Anne Marie Due er valt som ny leiar i nemnda, og advokat Sigrun Sagedahl og advokat Steffen G. Rogstad som nestleiarar.

Sjå liste over medlemer  i Tvisteløysingsnemnda (PDF)

 

Fakta om Tvisteløysingsnemnda

Tvisteløysingsnemnda er oppretta med heimel i arbeidsmiljølova § 17-2. Nemnda behandlar visse tvistar om rettar etter arbeidsmiljølova. Nemnda har mynde til å treffe vedtak i tvistar om permisjonsrettar, førerett for deltidstilsett til utvida stilling, rett for deltidstilsett til stilling tilsvarande faktisk arbeidstid og visse tvistar etter lova sitt arbeidstidskapittel, dvs. tvist om rett til fritak frå arbeidstidsordning og overtidsarbeid, rett til redusert arbeidstid og rett til fleksibel arbeidstid.

Les meir om Tvisteløysingsnemnda (arbeidstilsynet.no)

Forskrift om endring i forskrift om tvisteløsningsnemnd etter arbeidsmiljøloven (Lovdata)