Presseinvitasjon:

Ny ungdomshelsestrategi lanserast av statsrådane Bent Høie, Solveig Horne og Torbjørn Røe Isaksen

Ungdom gjer det betre på skolen og lever sunnare enn nokon gong. Samstundes strevar nokre av dei med eigne og andre sine forventningar og krav. Norges første ungdomshelsestrategi har som mål å hjelpe unge til å meistre eigne utfordringar og leve gode liv.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, barne- og likestillingsminister Solveig Horne og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til lansering av #Ungdomshelse – regjeringens strategi for ungdomshelse 2016-2021. Sju departement står bak strategien.  

Tid: Tysdag 14. juni kl. 10:00 – 10.45

Stad: Kuben videregående skole, Kabelgata 10-12, 0580 Oslo

Pressa er velkomen til å delta og statsrådane er tilgjengelege for kommentarar.