Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ny utbetaling til frivillige organisasjonar på veg

Lotteri- og stiftelsestilsynet startar i dag utbetalinga til første pulje av organisasjonar som har søkt støtte frå den siste krisepakka som regjeringa har fått på plass.

– Vi er svært nøgde med at vi kan starte utbetaling til frivillige organisasjonar berre vel ei veke etter at det vart opna for søknad, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja

I alt 379 søknader er innvilga i denne omgang, og omfattar 1144 arrangement eller andre aktivitetar. Utbetalinga er på nær 30 millionar kroner.

– Det er viktig at frivillige organisasjonar som har hatt inntektsbortfall i den aktuelle perioden nyttar seg av ordninga. Det er lagt opp til puljevis utbetaling etter kvart som søknadane kjem inn, og det er endå tid til å søke. Søknadsfristen er 15. september, avsluttar kultur- og likestillingsministeren.

Kompensasjonsordninga skal støtte dei organisasjonane som har betydeleg bortfall av inntekter frå arrangement og andre aktivitetar som følgje av pålegg eller råd frå staten.

Ordninga gjeld for tidsrommet 12. mars til 31. august 2020, og søkarane må vere registrert i Frivilligregisteret.

Sjå www.lottstift.no for oppdatert søkarliste og meir informasjon om ordninga.

Til toppen