Historisk arkiv

Ny konsesjon for Hydro Aluminium sine kraftanlegg i Årdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 09/01
Dato: 26.01.2001-01-26

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Ny konsesjon for Hydro Aluminium sine kraftanlegg i Årdal

Regjeringa har i dag gitt konsesjon til Hydro Aluminium AS for å byggja nytt Tyin kraftverk i Årdalsvassdraget. Det vart og gitt løyve til nokre mindre tilleggsprosjekt for å utnytta kraftpotensialet best mogleg. Det vart ikkje gitt løyve til tilleggsregulering av Tyin. Vassdraget har vore regulert i lang tid, og nyttar Tyin som magasin.

Det nye kraftverket med tilleggsprosjekt vil produsere om lag 1460 GWh i året, og dette er ein auke med nærare 240 GWh i høve til produksjonen i dag.

- Denne saka er eit godt døme på opprusting av eksisterande kraftanlegg med nokre mindre utvidingar, som ikkje fører med seg større inngrep i urørte områder. Eg er og nøgd med at Hydro sitt prosjekt vil gje så mykje som 240 GWh ny kraft på nettet i året, seier olje- og energiminister Olav Akselsen.

Regjeringa har bestemt at Hydro Aluminium AS skal gje eit næringsfond på i alt 41 millionar kroner til kommunane for å bøta på skader og for å gje kommunane del i verdiskapinga. Vang kommune får 22 millionar kroner, Årdal kommune 13 millionar kroner, og Luster kommune 6 millionar kroner.

Kommunane vil og få konsesjonsavgifter på i overkant av 5 millionar kroner i året frå reguleringa.