Historisk arkiv

Ny lov om eigedomsregistrering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Regjeringa har lagt fram forslag til ei ny lov om eigedomsregistrering. Registeret vil innehalde opplysingar om eigedomsgrenser, bygningar og andre viktige offentlege opplysingar om eigedomar. Registeret skal til dømes kunne gi opplysingar om freda kulturminne eller om forureina grunn på ein eigedom. (02.04.05)

Pressemelding

Dato: 02.04.05

Ny lov om eigedomsregistrering gir betre kvalitet

Illustrasjonsfoto: Statens kartverkRegjeringa har lagt fram forslag til ei ny lov om eigedomsregistrering i dag. Registeret vil innehalde opplysingar om eigedomsgrenser, bygningar og andre viktige offentlege opplysingar om eigedomar. Registeret skal til dømes kunne gi opplysingar om freda kulturminne eller om forureina grunn på ein eigedom.

- Forslaget legg grunnlaget for å etablere eit moderne eigedomsregister som kan vere til nytte ikkje berre for det offentlege, men og for privatpersonar som ønskjer å få tilgang til relevant informasjon om eigedom, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide.

Disposisjonsretten over arealressursar er ein av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Tilgang til autorisert eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten, og avgjerande for ein velfungerande eigedomsmarknad. I 2003 vart det omsett meir enn 160 000 eigedomar i Noreg, til ein verdi av om lag 150 milliardar kroner. Både nasjonalt og internasjonalt aukar forståinga av kor viktig eigedomsregistreringa er som grunnlag for kapitaltilgang og økonomisk vekst.

- Det nye registeret blir tilpassa moderne krav til innhald og døgnopen tilgang. Saman med tinglysingsregisteret skal dette gi Noreg eit offentleg informasjonssystem fullt på høgd med andre land, seier miljøvernminister Hareide.

Registeret vil byggje på grunneigedoms, -adresse- og bygningsregister (GAB) av i dag, og digitale eigedomskart. Det nye registeret har fått namnet matrikkelen, eit namn som har lang tradisjon som nemning på det nasjonale eigedomsregisteret. Statens kartverk vil få det sentrale ansvaret.

Ny lov om eigedomsregistrering vil erstatte lov om kartlegging, deling og registrering av grunneigedom (delingsloven) frå 1978 og lov om plassering av signal og merke for målearbeid (signalloven) frå 1923. Forslaget er ei oppfølging av NOU 1999:1 Lov om eiendomsregistrering.

Sjå også Ot.prp. nr.70 (2004-2005) om lov om eigedomsregistrering

Meir om eigedomsregistrering på Statens kartverk

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Kurt Ellingsen tlf 22 24 59 24
Seniorrådgivar Dag Høgvard tlf 22 24 59 17