Historisk arkiv

Ny stortingsmelding om rovviltforvalting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Jagland

Utgiver: Miljøverndepartementet

Pressemelding

11. april 1997

Ny stortingsmelding om rovviltforvalting

Regjeringa har i statsråd 11.april lagt fram St.meld.nr.35(1996-97) "Om rovviltforvalting". Meldinga gjer framlegg om klårare definerte målsettingar. Den legg opp til nye og endra tiltak og verkemiddel for betre å kunne balansere behovet for vern av rovviltbestandane opp mot den omfattande og ekstensive bruken av utmarka til beite som vi har i Norge. Meldinga bygger på ny kunnskap og dei erfaringer vi har sidan den førre rovviltmeldinga vart handsama i 1992.

Målsettingar

Regjeringa vil sikre levedyktige bestandar av alle dei fire store rovviltartane i Norge. Samtidig har regjeringa som mål å halde oppe eit aktivt jordbruk med høve til å utnytte beiteressursane i utmarka med sau og rein. Dette medfører at forvaltinga av rovviltbestandane skal skje på ein slik måte at det kan drivast forsvarleg jordbruksdrift og reindriftsnæring innan akseptable økonomiske rammevilkår. Dette inneber ei differensiert forvalting som tek omsyn til både viktige beiteområde og det at rovdyra skal overleve i landet i framtida. Å halde ved lag levedyktige bestandar er ei plikt Norge har i høve til internasjonale konvensjonar, og som gjeld utan omsyn til positive vernetiltak som er sett i verk i grannelanda. Ettersom rovviltbestandane i stor grad er felles og nyttar leveområde på tvers av grensene mellom dei nordiske landa, vil det bli lagt vekt på å vidareutvikle det nordiske samarbeidet om forvalting, forsking og bestandsovervaking både på sentralt og regionalt nivå.

Tiltak og verkemiddel

Det er nødvendig å ta i bruk meir effektive tiltak og meir presise verkemiddel for å kunne oppfylle den todelte hovedmålsettinga. Samtidig understrekar meldinga at dei ulike sektorane sine verkemiddel må verke saman for å nå måla. Til dømes må både felling av rovdyr og endring av driftsmåtar i sauehaldet vurderast i ein slik samanheng. Erstatningsordningane må innrettast slik at dei stimulerer til å førebygge rovvilttap.

Departementet ønskjer ikkje etablering av gaupebestandar i dei områda i landet der det ikkje er gaupe i dag, og som har tettast bestandar av beitande bufe eller rein. Dette gjeld m a dei sauetette områda på Vestlandet og i delar av Nord-Norge. Det blir difor høve til å drive gaupejakt utan kvoteavgrensning i slike områder. Det blir og lagt opp til ein meir liberal bruk av skadefelling og lisensjakt utanfor kjerneområda for bjørn og jerv. For bjørn vil fylkesmannen kunne gi lokale jaktlag i kommunane løyve til skadefelling på eit lågt skadenivå. Så snart det er etablert ynglande binner i eit kjerneområde vil det og bli vurdert å opne for lisensjakt på bjørn i ein tilgrensande region utanfor kjerneområdet. Det vil vidare bli opna for lisensjakt på jerv utanfor kjerneområdet i Sør-Norge for å avgrense dei skader ein ekspanderande jervebestand vil kunne føre til i sauetette sørnorske fjellområder og på Vestlandet.

I visse høve kan det og vere aktuelt med skadefelling i kjerneområda. Departementet vil legge til rette for at søknader om slikt fellingsløyve blir handsama på ein rask og mest mogeleg einskapleg måte i dei ulike fylka.

Regjeringa held fast ved forvaltingsmodellen med kjerneområder og dei kjerneområda for bjørn og jerv som er oppretta. Det kan vere aktuelt å vurdere mindre justeringar av grensene for kjerneområda for jerv med bakgrunn i dei erfaringane som er hausta. Regjeringa finn ikkje grunn til å etablere kjerneområde for gaupe.

I ein samla strategi for å redusere tapa av sau i kjerneområda for bjørn og jerv bør det i første omgang prioriterast tiltak som i større grad skil rovdyr og beitedyr i heile eller delar av beitesesongen. Dette kan til dømes gjerast ved flytting til alternative beiteområder og tidlegare innsanking av sauen om hausten. Det vil vidare bli lagt til rette for avgrensning og frivillig reduksjon av talet sau på beite i kjerneområda, til dømes ved driftsomlegging til ammeku eller mjølkeproduksjon, nisjeproduksjonar, andre sauerasar, anna småfehald eller anna næringsverksemd for særleg utsette buskapar. Intensiv gjeting av sau med innsamling til nattkve, bruk av vaktarhundar og styrt områdebruk med bruk av gjerde vil og bli prøvd ut i større skala innanfor kjerneområda. I reindrifta er det ein klar samanheng mellom kondisjonen til reinen og dei naturlege tapa. Dette gjeld og rovvilttap. Det er difor viktig å syte for å ha ein reinbestand i balanse med beitet. Elles må det også i høve til reindrifta satsast på kombinasjonar av ulike førebyggande tiltak.

Bestandsregistrering

Regjeringa vil styrke arbeidet med bestandsregistrering. Det vil bli lagt opp til ein koordinert innsats på tvers av fylkes- og landegrensene. Næringsutøvarar og lokale kontaktpersonar vil i større grad bli trekt med i datainnsamlinga.

Medverknad og konfliktreduksjon

Konfliktnivået mellom partane i rovviltforvaltinga er i enkelte områder for høgt. Regjeringa vil difor legge vekt på å utvikle tiltak og strategiar som kan medverke til å dempe konfliktane. På sentralt nivå vil det bli oppretta eit utval med representantar frå organisasjonar og aktuelle partar. Utvalet bør ha ein rådgjevande funksjon i høve til miljøvern- og landbruksstyresmaktene. På regionalt nivå blir det lagt opp til at fylkesmannen gjennomfører årlege drøftingsmøter med den politiske leiinga i dei mest involverte kommunane og i fylkeskommunen. Departementet vil også vidareutvikle dei rådgjevande rovviltutvala i alle fylke som i særleg grad er involvert i rovviltproblematikken. Det er vidare viktig at alle ledd i forvaltinga syter for å ha ein open kommunikasjon og dialog med dei som bur og har næringsinteresser i rovviltområda.

Pressekontakter:

- Miljøverndepartementet: Statssekretær Bernt Bull, tlf 22 24 57 02 Avdelingsdirektør Atle Haga, tlf 22 24 58 70 Avdelingsdirektør Pål Vidar Sollie, tlf 22 24 58 77 - Landbruksdepartementet: Statssekretær Ottar Befring, tlf 22 24 91 02 Underdirektør Kjell Nyhus, tlf 22 24 93 18 Lagt inn 11 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen