Historisk arkiv

Forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø drar til Bergen for å få fleire elevar til å velje lærarutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Fredag 5. april besøker statsråd Iselin Nybø Bergen for å få fleire elevar på vidaregåande skole til å søke lærarutdanning for dei yngste barna.

Noreg treng mange dyktige lærarar i åra som kjem, og det er særleg behov for nye lærarar på trinn 1-7. Difor kjem Nybø til Langhaugen vidaregåande skole saman med ei gruppe lærarstudentar frå Høgskulen på Vestlandet. Målet er å inspirere elevane til å velje lærarutdanning.

Forskings- og høgre utdanningsministeren vil også leggje ned grunnsteinen (virtuelt) for eit nybygg for Alrek Helseklynge. Helseklynga er tenkt å vere ein dynamo i Bergensregionen for innovative forskings- og utdanningsprosjekt, der forskarar og fagfolk frå ulike felt skal jobbe saman.

Program fredag 5. april

Kl. 11.00 – 11.35

Statsråd Nybø vil saman med lærarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet verve elevar til lærarutdanning.

Adresse: Langhaugen videregående skole, Hagerups vei 17, 5093 Bergen.

Kl. 12.25 – 14.00

Statsråden deltek på grunnsteinnedlegginga for Alrek Helseklynge.
Adresse: Årstadveien 19 (Institutt for klinisk odontologi), 5009 Bergen.

Pressa er velkomen på begge arrangementa og det blir høve til å intervjue både statsråden og studentar på skolebesøket. 

Kontakt:
Journalistar som ønsker å intervjue statsråd Iselin Nybø kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet Ragnhild Skaara Imset på telefon 93435930 eller pr. e-post på rask@kd.dep.no