Historisk arkiv

RNB: Nybygg for det nye Universitetet på Ås og Veterinærinstituttet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Med den føreslåtte løyvinga på 65 millionar kroner til oppstart av nybygget på Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Veterinærinstituttet, er løpet lagt for eit samla biologifagleg forskings- og studietilbod på Ås.

Med den føreslåtte løyvinga på 65 millionar kroner til oppstart av nybygget på Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Veterinærinstituttet, er løpet lagt for eit samla biologifagleg forskings- og studietilbod på Ås.

- Med denne løyvinga er byggjearbeida i gang. Dette er ei viktig forskingspolitisk satsing og eit uhyre spennande prosjekt for framtidige studentar i Noreg, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

I 2008 vedtok Stortinget å slå saman Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) til eit nytt universitet på Ås. Veterinærinstituttet blei vedtatt samlokalisert med det nye universitetet. Sidan 2008 har Statsbygg, Fellesstyret for det nye universitetet og Veterinærinstituttet arbeida med planen for den nye universitetscampusen på Ås.

Byggearbeidet som blir sett i gang har ei arealramme på 63 100 kvadratmeter, i tillegg kjem nytt Senter for Husdyrforsøk på 11 700 kvadratmeter.  Regjeringa føreslår ei startløyving på 65 millionar kroner i 2013. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,3 milliardar kroner. 

Samlokaliseringa vil  leggje til rette for styrka innovasjon og næringsutvikling innanfor bioproduksjon, akvakultur og akvamedisin, og vil bidra til å gjere Noreg til eit føregangsland innan biotryggleik og smitteberedskap for fisk og dyr. 

Til toppen