Nye 26 millionar kroner til styrking av tiltak mot barnefattigdom

I revidert nasjonalbudsjett vart samarbeidspartia einige om å styrke Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom med 26 millionar kroner. No er pengane fordelt på 126 ulike tiltak over heile landet.

- Eg er svært glad for at enda fleire barn får delta i aktivitetar gjennom denne styrkinga og at det totale tilskotsbeløpet i 2017 er 219 millionar kroner. Dette kjem barna som treng det til gode. Eg er også glad for at til saman 38 millionar kroner frå ordninga går til tiltak knytt til Fritidserklæringa, som skal sikre at alle barn får delta på minst éin fritidsaktivitet jamleg, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom vart lansert i 2014 og har gjort det mogleg for mange barn, unge og familiar med dårleg økonomi å delta på ferie- og fritidsaktivitetar på lik linje med andre. Tiltaka kan vere turar og aktiviteter i nærmiljøet, utstyrsbankar, sommarjobbprosjekt, og ferieleirar.

Dei 26 millionar kronene som no vert fordelt går i hovudsak til å styrkje tiltak av god kvalitet som blei tildelt mindre støtte enn dei søkte om ved første tildeling. I tillegg vart det rom for å innvilge nokre tiltak som ikkje fekk støtte frå den opphavlege tildelinga. 1 million kroner var øremerkte midlar til Barnas Stasjon i Fredrikstad og Blå Kors Ferie og fritid.

Sjå oversikt over tildelingane på Bufdir sine sider.