Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Nye Ålesund er årets nynorskkommune i 2019

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande delte i føremiddag ut prisen til varaordførar i Skodje, Geir Ove Leite.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande og varaordførar i Skodje Geir Ove Leite på scena på Kulturhuset i Oslo under utdelinga av prisen.
Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande delte ut prisen til varaordførar i Skodje Geir Ove Leite på Kulturhuset i Oslo 21. oktober 2019. Foto: Wenche Stadven Nybo/KUD

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I år har juryen særleg konsentrert seg om kommunar som har gjort eit ekstra arbeid for å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma.

Nye Ålesund har ei raus og demokratisk innstilling til språk og er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma, meiner juryen. Kommunen kjem til å bli den største nynorskkommunen i landet. Kommunen kjem i drift i 2020 og er slått saman av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Les meir om prisen på nettsida til Språkrådet

Til toppen