Nye avtaler skal gjere det enklare å vere pårørande

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Mange pårørande ønsker ein betre dialog med kommunen om god fordeling av oppgåver, slik at dei kan bruke ressursane best mogleg. Det viste pårørandeundersøkinga for 2021. No har Helsedirektoratet fått i oppdrag å utvikle verktøyet «pårørandeavtalar» – eit tilbod som skal gjere det enklare å vere pårørande.

- Behovet for betre samarbeid med pårørande er stort, det understrekar denne undersøkinga. Den blir eit viktig grunnlag for oss når vi no skal jobbe med akkurat dette. Utviklinga av pårørandeavtaler som eit verktøy skal sørge for at dei blir trekt inn i samarbeid om tenestene, og på den måten blir sett og tatt vare på, seier Kjerkol.

I den nasjonale pårørandeundersøkinga for 2021 kom det fram at pårørande ønsker betre informasjon, meir medverknad, å bli betre tatt vare på og ha meir føreseielege tenester. Eit fleirtal opplever at det er dei som sjølv må ta initiativ til samarbeid med helse- og omsorgstenesta.

- Dette viser at det trengs større grad av systematikk i pårørandesamarbeidet. Derfor er eg glad for at vi er i gang med dette arbeidet, slik vi lova i Hurdalsplattforma. Det skal bli eit tilbod til dei med tunge oppgåver. Mange pårørande ønsker å bidra, og dei har viktige erfaringar og innsikt i korleis kvardagen kan bli betre. Derfor må vi passe på at ressursane deira blir brukt riktig og at det er dei pårørande sjølv som får styre omfanget, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide verktøyet, som skal legge til rette for gode rutinar for samarbeidet mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta.

Formålet er å bidra til:

  • Å imøtekomme dei pårørande sitt behov for å bli sett og tatt vare på.
  • At rettigheitene til pårørande blir følgt opp.
  • Dialog mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta.
  • Gjensidig informasjonsutveksling mellom partane, med sikte på rolle- og forventningsavklaring.

Frist for oppdraget er 1. juli 2023.