Historisk arkiv

Nye dommarar i Høgsterett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Dommar i EFTA-domstolen Henrik Bull og lagdommar Ragnhild Noer er i statsråd i dag utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.

Dommar i EFTA-domstolen Henrik Bull og lagdommar Ragnhild Noer er i statsråd i dag utnemnde til nye dommarar i Høgsterett.

– Med desse to utnemningane har Høgsterett fått ytterlegare to glimrande juristar med brei og solid røynsle. Vi får med dette også ein ny kvinneleg dommar i Høgsterett. Dette er med på å sikre at Høgsterett framleis er ein breitt samansett domstol. Eg ønskjer at Høgsterett skal femne vidt og samansetjinga bør spegle det samfunnet vi har, seier justisminister Knut Storberget.

Dei nye dommarane

Henrik Bull er fødd i 1957 og gjennomførte juridisk embetseksamen i 1984. Etter eksamen var han konsulent/fyrstekonsulent i Justis- og politidepartementets lovavdeling. Frå 1987 til 1988 var han dommarfullmektig ved Nedre Romerike sorenskrivarembete, og frå 1988 til 1996 lovrådgjevar i Justis- og politidepartementets lovavdeling. I perioden 1996 til 2001 var han stipendiat ved Universitetet i Oslo, Juridisk fakultet, Senter for Europarett. Han disputerte til juridisk doktorgrad i 2002 med avhandlinga ”EØS-avtalen og import av finansielle tjenester” og var deretter fyrsteamanuensis til 2006. Sidan 2006 har han vore dommar ved EFTA-domstolen i Luxembourg.

Ragnhild Noer er fødd i 1959 og gjennomførte juridisk embetseksamen i 1985. Etter eksamen var ho fyrstekonsulent i Justis- og politidepartementets lovavdeling i perioden 1985 til 1987. Frå 1987 til 1989 var ho dommarfullmektig ved Lyngen sorenskrivarembete. I perioden 1989 til 1990 var ho i kortare periodar konstituert/ekstraordinær dommar i Hålogaland lagmannsrett. Hausten 1989 var ho amanuensis ved Universitetet i Tromsø, Institutt for rettsvitskap. Frå 1990 til 1991 var ho programsekretær ved NRK Troms. Deretter var ho advokat hos Regjeringsadvokaten frå 1991 til 2005, og med møterett for Høgsterett frå desember 1994. Ho var konstituert lagdommar ved Gulating lagmannsrett frå januar til mars 1994. Vidare hadde ho permisjon frå Regjeringsadvokatembetet i perioden 1997 til 1998 for å arbeide som sekretær for Barnefordelingsprosessutvalet, og i perioden 2001 til 2002 for å arbeide som seniorrådgjevar ved Miljøverndepartementet. Sidan hausten 2005 har ho vore lagdommar ved Borgarting lagmannsrett.

Kontaktperson:

Departementsråd Morten Ruud, tlf 22 24 51 08.

 

 

 

 

 

 

Til toppen