Historisk arkiv

Nye dommarar og varadommarar i Arbeidsretten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Kongen i statsråd har i dag peika ut dommarar og varadommarar i Arbeidsretten for ein ny periode på tre år.

Oppnemninga gjeld frå 1. september 2017 til 31. august 2020. Arbeidsretten vert sett med sju dommarar i den enkelte sak. Tre av desse er juridiske fagdommarar og embetsmenn. Dei fire andre er oppnemnt etter forslag frå organisasjonane i arbeidslivet. 

Dei faste juridiske fagdommarane i Arbeidsrettens er leiar Jakob Wahl, nestleiar Tron Løkken Sundet og Marit Bjørånesset Frogner. 

Lista over nyoppnemnde dommarar og varadommarar vil bli publisert på nettsida til Arbeidsretten. Sjå også offisielt frå statsråd.