Historisk arkiv

Nye forskoteringsavtalar med hamner i Herøy, Ibestad og Nordkapp

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I dag vert det inngått avtalar for totalt 237 millionar kroner som skal gå til fleire prosjekt i hamner langs kysten. Totalt har 541 millionar kroner blitt løyva til slike tiltak i år.

– Forskoteringsmidlane gjer at utbetring av fiskerihamner kan gjennomførast tidligare enn kva dei elles ville ha gjort. Dette gjer at utbygginga kan skje raskare enn forventa i nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dette er del av forskoteringsordninga som gjeld fiskerihamne- og farleistiltak som ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-2029, og inneber at kommunar kan forskotere eit prosjekt mot tilbakebetaling frå staten på eit seinare tidspunkt.

Tiltaka som får midlar i dag:

  • Herøy kommune - prosjekt i Fosnavåg fiskerihamn - 108 mill. kroner
  • Ibestad kommune - prosjekt i Engenes fiskerihamn - 95 mill. kroner
  • Nordkapp kommune – prosjekt i Kamøyvær fiskerihamn - 33,5 mill. kroner

Det er tidligare inngått avtalar om forskotering om midlar til fiskerihamner i Berg, Gamvik og Giske kommunar. Ordninga har blitt svært godt motteke i heile landet, og departementet har fått inn mange søknader.

Stortinget har vedteke at regionane skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamnanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire gode overgangsordningar som skal sikre vidareføring i hamneutbygginga medan fylkeskommunane omstiller seg til det nye ansvaret. Forskoteringsordninga er ein viktig del av desse tiltaka.