Nye forskrifter for trus- og livssynssamfunn

1. januar trer fleire nye forskrifter til trussamfunnslova i kraft. Dermed konkretiserast mange av endringane frå ny lov om trus- og livssynssamfunn, som tek til å gjelde på nyåret. Dei tre nye forskriftene gjeld registrering og tilskot til trussamfunn, vigselsrett for trussamfunn og forvaltning av kyrkjebygg i Den norske kyrkja.

Forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn gir reglar for tilskotsordningane for trus- og livssynssamfunn, som blir fornya med den nye trussamfunnslova. Hovudformålet er å føre vidare ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk.

Satsen for tilskot per medlem skal om lag svare til tilskota frå staten og kommunane til Den norske kyrkja per medlem. Det er eit vilkår at samfunnet har minst 50 medlemmar som ikkje er medlem i Den norske kyrkje, eller eit anna registrert trussamfunn, for å kunne bli registrert og få tilskot. At dobbeltmedlemmar ikkje utløyser tilskot, følgjer av trussamfunnslova.

Den nye forskrifta presiserer kva som skal vere grunnlag for å bli nekta tilskot. I tråd med den nye trussamfunnslova skal samfunna rapportere noko meir enn dei gjer i dag, mellom anna om den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling. Forskrifta tek også for seg korleis trussamfunna skal rapportere på eventuell utanlandsfinansiering. Statsforvaltaren kan òg be om rapportering om særskilte forhold.

– Tilskotsordningane skal bidra til at den enkelte kan finne eit fellesskap for å utøve si tru eller sitt livssyn. Samstundes skal vi motverke at det blir utøvd tvang og kontroll overfor enkeltmedlemmar, gjennom å legge opp til dialog og openheit. Rapporteringskrava i den nye forskrifta vil bidra til dette, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Forskrift om tildeling og tilbaketrekking av vigselsrett vidarefører i stor grad gjeldande reglar om vigselsrett for medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkje. Trus- eller livssynssamfunnet peikar sjølv ut kven dei vil søke om vigselsrett for. Vigslar skal vere mellom 23 og 75 år, busett i Noreg og kan ikkje samtidig vere vigslar i eit anna trus- eller livssynssamfunn. Vigslaren må i tillegg ha tilstrekkeleg kjennskap til det norske samfunnet og tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å kunne utføre oppgåvene sine etter ekteskapslova.

Departementet har nyleg fastsett forskrift 8. desember 2020 nr. 2646 om økonomiforvaltninga i sokn i Den norske kyrkja som er heimla i trusamfunnslova § 14.

Forskrift om forvaltning av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer inneheld reglane for forvaltninga av dei omkring 750 kyrkjene som Riksantikvaren har definert som kulturhistorisk verdifulle. Sakshandsamingsreglane gir Riksantikvaren rett til å uttale seg før det setjast i gang tiltak som kan få noko å seie for dei kyrkjene som vert sett på som kulturminner. Den vidarefører i stor grad gjeldande forvaltningspraksis som er definert i rundskrivet: T-3/2000 Forvaltning av kirke, kirkegård og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø.

– Dei eldre kyrkjebygga er blant dei viktigaste kulturminna i landet. Difor er det viktig at dei vert ivaretatt på ein god måte. Dette vil den nye forskrifta sikre, seier trus- og livssynsminister Ropstad.