Nye internkontrollreglar frå 1. januar 2021

Dei nye reglane om internkontroll for kommunane skal gjelde frå 1. januar 2021. Det vart fastsett i statsråd i dag. Det nye regelverket skal erstatte internkontrollreglane i ei rekke sektorlover.

Storparten av den nye kommunelova vart sett i verk hausten 2019, medan økonomiføresegnene og enkelte andre kapittel vart sett i verk 1. januar 2020.

Reglane om internkontroll i den nye kommunelova er enno ikke sett i verk, fordi det skal skje samtidig som oppheving eller endring av internkontrollføresegner i sektorlovene trer i kraft.

Stortinget vedtok å oppheve eller endre internkontrollføresegnene i sosialtenestelova, barnevernlova, krisesenterlova, folkehelselova, introduksjonslova og opplæringslova i juni.

Frå 1. januar 2021 er det kommunelova kapittel 25 som regulerer krav om internkontroll med kommuneplikter.

Unntaket frå den samla reguleringa er forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta 28. oktober 2016 nr. 1250, som framleis skal gjelde.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00