Nye kveitesortar som er tilpassa klimaendringar

Graminor sitt internasjonale forskingsprosjekt skal utvikle nye kveitesortar som er betre tilpassa klimaendringane enn dei sortane vi har i dag. Prosjektet er tildelt seksten millionar kronar.

– Graminor gjer ein svært viktig jobb med å utvikle morgondagens kveitesortar som er tilpassa norske veksttilhøve. Sjølv om klimaet i Norge vert endra vil vi fortsatt kunne dyrke norsk kveite som har ein stabil bakekvalitet, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Sikrar god bakekvalitet av norskprodusert kveite

Ein får hauste som ein sår, men det er ikkje alltid sikkert at det veks korn med god bakekvalitet. Kvaliteten til norsk kveite kan fort bli øydelagt av ein sein innhausting som følgje av mykje nedbør. Med klimaendringane reknar ein med  meir vind og nedbør. Difor blir det arbeidd med å finne kveitesortar som toler nedbør betre, slik at ein sikrar god bakekvalitet basert på norskprodusert kveite.

Eit langsiktig arbeid

På Ridabu i Hedmark dyrkar Graminor fleire kveitesortar på forsøksfelt. Gjennom fleire år blir sortane testa, samanlikna og utvalt etter dei kriteria som er satt. Det er slik dei utviklar dei beste sortane. Det kan ta så mykje som femten år frå dei startar arbeidet til ein nye kveitesort er tilgjengeleg for produsentane.

Forskingsprosjektet blir eigd og leia av Graminor og er finansiert av Forskningsrådet. Målet med prosjektet er å ta i bruk nye foredlingsverktøy som kan effektivisere Graminors kveiteforedlingsprogram. Graminor samarbeid med NMBU, Nofima, Strand Unikorn, Norges Møllene, CIMMYT, MIPS, University of Adelaide, Sichuan Academy of Agricultural Sciences. 

Graminor sitt internasjonale forskingsprosjekt skal utvikle nye kveitesortar som er betre tilpassa klimaendringane enn dei sortane vi har i dag.
Graminor sitt internasjonale forskingsprosjekt skal utvikle nye kveitesortar som er betre tilpassa klimaendringane enn dei sortane vi har i dag. Foto: Graminor