Historisk arkiv

Nye løyvingar til dialog og kunnskap på trus- og livssynsfeltet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Barne- og familiedepartementet gir 5,4 millionar kroner til dialogarbeid, samarbeid og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Tilskotet skal fremje dialog og forståing mellom trussamfunn.

– Det er flott å sjå kor mange ulike prosjekt for dialog og kunnskapsutvikling trus- og livssynssamfunn og andre organisasjonar jobbar med der ute. Med dette engasjementet bidreg dei til eit meir livssynsope samfunn, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Formålet med tilskotsordninga er å fremje gjensidig forståing og respekt for skilnader på trus- og livssynsområdet, og dyrke felles verdiar som demokrati, rettsstat og menneskerettar. Dette skal mellom anna skje gjennom å bidra til kunnskapsutvikling, samarbeid og dialog. Med ordninga ønskjer vi også å stimulere til auka samarbeid mellom kommunar og trus- og livssynssamfunn for å løyse sosiale og diakonale utfordringar.

I år kom det inn 32 søknadar. Av desse er det 25 organisasjonar som får tilskot til eitt eller fleire prosjekt. Samla tilskotsbeløp er 5,4 millionar kroner.

I vurderinga av søknadene har departementet lagt vekt på:

  • at tiltaket bidreg til samarbeid mellom ulike trussamfunn/-retningar og bidreg til å førebygge polarisering og hatytringar
  • at aktøren har kompetanse og erfaring frå liknande arbeid
  • at planlegginga er kome langt nok til at det er sannsynleg at prosjektet kan gjennomførast komande år
  • at det fins samarbeidsavtalar dersom tiltaket skal gjennomførast i samarbeid med andre organisasjonar
  • departementet har og tatt omsyn til
    • at tilskota blir fordelt mellom fleire typar organisasjonar
    • at tiltaka har ei viss geografisk spreiing
    • at tiltaka skjer i regi av, eller i samarbeid med, muslimske organisasjonar

Følgjande søkarar får tilskot:

  1. Kirkelig dialogsenter Oslo – 250 000 kroner
  2. Kirkelig dialogsenter Drammen – 200 000 kroner
  3. Kirkelig dialogsenter Trondheim – 200 000
  4. Kirkelig dialogsenter Bergen- 200 000 kroner
  5. Kirkelig dialogsenter Stavanger- 250 000 kroner
  6. STL Grenland - 50 000 kroner
  7. STL Bergen– 300 000 kroner
  8. STL Stavanger 100 000 kroner
  9. Forum for tro og livssyn Kristiansand – 200 000 kroner
  10. STL Oslo/nasjonalt – 300 000 kroner
  11. Dialogforum Østfold – 300 000 kroner
  12. STL Drammen og omegn- 200 000 kroner
  13. Muslimsk Råd Agder – 150 000 kroner
  14. Muslimsk dialognettverk Oslo – 200 000 kroner
  15. Det Islamske Forbundet (Rabita) - 250 000 kroner
  16. Pakistansk Kulturforening Skedsmo -100 000 kroner
  17. Kristiansand kommune – 150 000 kroner
  18. Lillestrøm kommune – 200 000 kroner
  19. Oslo kommune – 300 000 kroner
  20. Dialogpilotene – 400 000 kroner
  21. Info 123 – 250 000 kroner
  22. Abloom – 250 000 kroner
  23. Senter for omsorgsforskning-Sør – 200 000 kroner
  24. KFUK-KFUM Forandringshuset Norge – 300 000 kroner
  25. Fredrikstad kirkelige fellesråd – 100 000 kroner