Nye mål for musea

I dag la kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja fram stortingsmeldinga "Musea i samfunnet: Tillit, ting og tid".

Statsråd Raja presentererer museumsmeldingen midt i utstillingen "Liv og død" på Teknisk Museum. Foto: Susanna Arsky/KUD
Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja presenterte museumsmeldingen direkte fra Teknisk Museum. Her er han på talerstolen i museets nyeste utstilling "Liv og død". Foto: Susanna Arsky/KUD

– Mitt mål er å løfte kunst- og kulturlivet i heile landet, og eg trur og håpar at meldinga vil utgjere ein positiv forskjell for musea framover. Musea er viktige fordi dei fortel historia om kven vi er, og kven vi har vore, men det er òg naudsynt å tenkje på kva musea skal vere i framtida, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Stortingsmeldinga tek føre seg heile museumssektoren og har fokus på musea som samfunnsinstitusjonar som skal trygge infrastrukturen for demokrati og frie ytringar. Det blir tatt fleire konkrete grep i meldinga.

Regjeringa ønsker blant anna eit løft for bygningsarven ved musea, som mange stader er i dårleg stand. Departementet ønsker òg særlege løft for kystkulturen og for den visuelle kunstscena i Nord-Noreg gjennom prioritering av investeringssøknadar. I tillegg blir det oppretta ei prosjektgruppe som skal jobbe mot at Forsvarets museum vert overført til Kulturdepartementet innan 2024.

– Dette er satsingar som publikum i heile landet vil merke. Eg er glad for at vi no får til reelle satsingar rundt om i Noreg knytt til både bygningsarv, kystkultur og visuell kunst, seier Raja.

Meldinga løfter fram musea som relevante samfunnsinstitusjonar fram mot 2050, og legg vekt på at musea må vere oppdaterte og aktuelle i kva dei samlar på, korleis dei formidlar kunnskap og korleis dei samhandlar med omverda. I stortingsmeldinga blir det formulert fem viktige mål for den vidare utviklinga:

  1. Solid kunnskapsproduksjon legg vekt på heile kunnskapsproduksjonen til musea. Forskinga får eit ekstra løft i tråd med ambisjonen frå Granavolden om å gjøre vår nasjonale kulturarv mer tilgjengelig ved å styrke museenes forsknings- og formidlingskompetanse. Betre kunnskap om publikum er òg understreka.
  2. Relevant formidling peikar på at formidlinga må treffe samtida og alle målgrupper mellom anna gjennom formidlingsformer som fungerer. I dette ligg at nye grupper må takast inn i musea sitt arbeid og musea må aktivt søkja å representera eit mangfald av historier, stemmer, erfaringar og perspektiv og sikra tilgjenge for alle.
  3. Heilskapleg samlingsutvikling løfter fram samlingsutvikling som ei eige, svært viktig side av museumsverksemda. Å sikre representativitet og nye stemmer, i tillegg til å prioritere kva som skal takast vare på, er kjerneoppgåver.
  4. Trygg ivaretaking løfter fram at det er ein sentral del av museumsverksemda å sjå til at kulturarven vert ivareteke på ein trygg måte for lang tid framover og peikar på kva som krevst for å oppnå dette.
  5. Aktiv samhandling lyfter fram samhandling med andre aktørar på mange ulike måtar og område som avgjerande viktig for den vidare utviklinga. Musea sin arenafunksjon er ein del av dette.

Nett-tv Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja presenterer museumsmeldinga

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her