Historisk arkiv

Nye medlemer i Statens seniorråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Regjeringa oppnemnde i dag nye medlemer til Statens seniorråd for perioden 2010-2013. Ivar Leveraas fortsetter som leiar.

Regjeringa oppnemnde i dag nye medlemer til Statens seniorråd for perioden 2010-2013. Ivar Leveraas fortsetter som leiar.

Ivar Leveraas. Foto: GAD, Wikipedia Commons
Ivar Leveraas. Foto: GAD, Wikipedia Commons.

Rådet skal fokusere på levekår og deltaking i samfunnslivet for alle over femti år.

– Eit arbeidsliv for alle er eit overordna mål. Statens seniorråd er ein sentral bidragsytar for å hindre utstøyting og diskriminering i arbeidslivet, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm.

Rådet skal også stimulere til rekruttering av eldre, vere rådgjevar for myndigheiter og næringsliv i spørsmål som gjeld seniorar, og vere ein lyttepost for å fanga opp haldninger, trendar og behov blant eldre.

Desse medlemene utgjer Statens seniorråd i perioden 2010-2013:

  • Ivar Leveraas, leiar, Oslo
  • Randi Bjørgen, nestleiar, Oslo
  • Ragnhild Queseth Haarstad, Grue (ny)
  • Terese Folgerø, Tromsø (ny)
  • Wenche Malmedal, Trondheim (ny)
  • Karin Stoltenberg,  Oslo
  • Rita Kumar,  Trondheim (ny)
  • Anna Inga Hilsen, Oslo
  • Einar A. Eriksen, Tromsø
  • Erik Råd Herlofsen, Oslo
  • Henry Høgmo, Gratangen (ny)
  • Morten J. Danielsen, Snåsa
  • Florentino Bulnes, Bergen (ny)
  • Liv Thun, Steinkjer (ny)
  • Harald Olimb Normann,  Bærum (ny)