Historisk arkiv

Nye oppgåver til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Frå 1. januar 2017 får Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hovudansvaret for saksbehandlinga av statstilskot til kommune- og fylkespartia.

- For Fylkesmannen i Sogn og Fjordane betyr dette fleire arbeidsoppgåver, meir heilskapleg arbeidsinnsats og styrkt bemanning for desse oppgåvene, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Kommunal- og moderiseringsdepartementet (KMD) overfører ansvaret for saksbehandling av statstilskot til kommune- og fylkespartia til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane frå 1. januar 2017. Fram til i dag har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hatt ansvaret for sjølve utbetalinga av statstilskota til partia, medan kvart fylkesmannsembete har handsama søknadane i sitt eige fylke.

For å utføre den nye oppgåva er det naudsynt å ha eit godt dataverktøy. Sidan 2008 har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i samarbeid med KMD utvikla søknads- og saksbehandlingssystemet Partiportalen. KMD, alle partiledd, Statistisk sentralbyrå (SSB), Partilovnemnda, Partirevisjonsutvalet og Fylkesmennene har no tilgang til systemet. Den nye partiportalen vart lansert i 2014.

- Ei slik endring inneber at administrasjonen av ei viktig statleg oppgåve vert forenkla og gjort meir effektiv. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har høg kompetanse på dette, og den vert no styrka ytterlegare. Dei andre embeta slepp å bruke tid på å gjere kvar sin bit av same tekniske operasjon. No fjernar vi nok ein tidstjuv, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Fylkesmannen skal betale ut tilskot etter at å ha henta inn rapport frå SSB om økonomirapporteringa frå partia, og vedtak frå Partilovnemnda om moglege tilbakehald av tilskot. Partia kan følgje med på kva som er status for eigne søknader.

Ordninga med statstilskot til registrerte politiske parti har heimel i partilova. Stemmer og mandat oppnådde ved siste val avgjer storleiken på tilskotet. Til no i 2016 er det utbetalt tilskot til i overkant av 2900 ulike partiledd. Tilskota utgjer om lag 124 millionar kroner.

Les meir om statstilskot til politiske parti på Regjeringen.no og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side partistotte.no.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00