Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett 2017:

Nye skatteinsentiv for gründerar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

For å fremje utvikling av nye bedrifter foreslår regjeringa ei skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap. – Vi treng fleire gründerar i Noreg, og denne ordninga vil gjere det meir lønnsamt å investere i nye bedrifter og arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

– Vi ønsker å gi gründerar enklare tilgang på pengar og investorar. Det gjev oss fleire og betre eigarar, og med det eit betre og større næringsliv. Det vil gi eit godt bidrag til arbeidsplassar og verdiskapinga i åra som kjem, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Ordninga inneber at personlege skattytarar som investerer direkte eller indirekte i bestemte type selskap, får rett til frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar. Investor må behalde aksjane i minst tre år for å få rett til frådraget.

Ordninga gjelder berre investeringar i aksjeselskap. Selskapa kan maksimalt være seks år gamle, må ha færre enn 25 tilsette, berekna ut frå årsverk, og kan verken ha driftsinntekter eller balansesum som overstiger 40 millionar kroner. Eit selskap kan ta imot inntil 1,5 millionar kroner i investeringar årleg gjennom ordninga.

Mellom anna for å redusere risikoen for skattemotivert tilpassing foreslår regjeringa at selskapa må ha eit årleg lønnsgrunnlag på minst 400 000 kroner og hovudsakleg drive aktivitet som ikkje er passiv kapitalforvaltning. Det vert heller ikkje gitt frådrag dersom investor er eller har vore aksjonær eller tilsett i selskapet, eller dersom investor vert tilsett i laupet av eigartida på tre år.

Ordninga vil gjelde frå og med 1. juli 2017. Forslaget gir ei skattelette på om lag 330 millionar kroner påløpt i 2017 som i sin heilskap vert bokført i 2018.

Regjeringa vil i budsjettet for 2018 fremje forslag til endringar i skattlegginga av opsjonar for små oppstartsselskap. Les meir i Meld. St. 2 (2016-2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017.

Les meir i Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga