Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Nye statsstipendiat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet gjer framlegg om at Mari Boine, Peter Normann Waage og Morten Jostad får statsstipend frå 2013.

Kulturdepartementet gjer framlegg om at Mari Boine, Peter Normann Waage og Morten Jostad får statsstipend frå 2013.

Mari Boine er rekna som den fremste formidlaren av urfolks- og verdsmusikk her i landet. Gjennom ei lang karriere har ho skapt eit personleg uttrykk i grensefeltet mellom samisk musikk, rock, jazz og folkemusikktradisjonar frå andre kulturar.

Peter Normann Waage er skribent, forfattar og omsetjar. Han har særs markert seg som formidlar av russisk kultur- og mentalitetshistorie, i dei seinare åra også islam og arabisk kultur.

Morten Jostad er kulturformidlar, forfattar, skodespelar og dramatikar. Hans breie innsats på scenekunstfeltet omfattar også amatørteateropplæring og formidling av nordisk kultur.

Statsstipendet er på 416 600 kroner årleg. I dag er det 30 statsstipendiatar i ordninga, av dei sju kvinner og 23 menn.