Historisk arkiv

Nye støytiltak på Ørland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Forsvarsdepartementet

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å gjennomføre tiltak for å redusere støy på militær og sivil eigedom på Ørland. Den tilrådde kostnadsramma er 218 millionar kroner for støytiltak på flystasjonen og 1 320 millionar kroner for tiltak som reduserer støykonsekvensane for omgjevnadene.Det er gjort ei rekkje konsekvensutgreiingar med bakgrunn i Stortinget sitt vedtak om å etablere hovudbasen for Forsvaret sine kampfly på Ørland.

- Utbygginga av Ørland flystasjon som hovudbase for F-35-flya inneber nær ei dobling av aktiviteten med kampfly samanlikna med i dag, samstundes med at F-35-flya gjev meir støy enn F-16-flya. Det vil difor vere naudsynt å gjennomføre støytiltak på Forsvaret sin eigen bygningsmasse inne på Ørland flystasjon, og gjennomføre støyreduserande tiltak på sivil eigedom i støysonene utanfor sjølve baseområdet, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Støytiltak på flystasjonen

Prosjektet for gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål inneber å gjere bygningsmessige tiltak på bygningar inne på basen med eit støyømfintleg bruksføremål, som ikkje oppfyller krava til innandørs lydnivå og/eller arbeidsmiljølova. Det er rekna med eit behov for tiltak på inntil 47 bygningar inne på Ørland flystasjon. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 218 mill. kroner medrekna meirverdiavgifta og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er på 183 mill. kroner.

Støytiltak på sivil eigedom

Prosjektet for å gjennomføre støyreduserande tiltak utanfor baseområdet til hovudbasen på Ørland er inndelt i tre underprosjekt:

• Innløysing av bygningar og eigedomar med støysensitivt bruksføremål i samsvar med dei gjevne grenseverdiane frå reguleringsplanen.

• Avhending, riving eller sikring av bygningar og eigedomar som vert innløyste.

• Gjennomføring av støytiltak på bygningar med støysensitivt bruksføremål i samsvar med dei gjevne grenseverdiane i reguleringsplanen.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 320 millionar kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Styringsramma for prosjektet er 1 110 millionar kroner.