Historisk arkiv

Nye tomtefestereglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Regjeringa fremjar ein proposisjon med framlegg om å endre reglane i tomtefestelova om innløysingssum. – Framlegget er eit rimeleg kompromiss mellom omsynet til festarane og omsynet til bortfestarane, seier statssekretær Terje Moland Pedersen.

Framlegget går ut på at festaren skal kunne krevje innløysing til 25 gonger oppregulert festeavgift. Dette inneber ein lågare innløysingssum enn etter dagens 30-gongerregel. Ved tidsavgrensa kontraktar skal bortfestaren framleis kunne krevje at innløysingssummen blir sett til 40 prosent av råtomtverdien med frådrag for verdiauke som festaren har tilført tomta.

Bakgrunnen for lovframlegget er ein høgsterettsdom frå september 2007, der fleirtalet kom til at reglane om innløysingssum er delvis grunnlovsstridige. Lovframlegget inneber at tomtefestelova blir i samsvar med Grunnlova.