Historisk arkiv

Nye tiltak mot pengespelproblem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa vil avgrensa marknadsføring av pengespel. Dette er eit av forslaga i handlingsplanen mot pengespelproblem som regjeringa i dag la fram.( 19.04.05)

Pressemelding

Nr.: 49/05
Dato: 19.04.2005
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Eivind Tesaker, tlf. 22 24 78 19

Nye tiltak mot pengespelproblem

Regjeringa vil avgrensa marknadsføring av pengespel. Dette er eit av forslaga i handlingsplanen mot pengespelproblem som regjeringa i dag la fram. – Om lag 50 000 i Noreg slit med pengespelproblem. Vi grip nå fatt i dette, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland

Planen har hovudmål: Førebygging og reduksjon av skader knytt til pengespel. Her er nokre av forslaga i handlingsplanen for perioden 2005-2008:

- Avgrensa marknadsføring av pengespel.

- Tilgang til pengespel skal avgrensast.

- 18-årsgrense for ”risikospel” (gevinstautomatar, pengespel via internett)

- Etablera meir forsking om pengespelproblem

- Korrigera spelereglar og regelverk i forhold til risikoelement

- Informasjon om pengespelproblem skal intensiveras

- Permanent drift av Hjelpelinja

- Eg vil gjerne understreka at det mest effektive tiltaket mot pengespelproblem er å fjerna det eksisterande automatregimet, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland.

For å finansiera tiltaka i planen vil det årleg avsetjast inntil 0,5 % av Norsk Tipping sitt overskot. Desse midla vil gje betre forsking, behandling, informasjon og førebygging av pengespelproblem.

Handlingsplanen er basert på forslag frå Lotteritilsynet.

Les regjeringens handlingsplan mot pengespelproblem

Til toppen