Historisk arkiv

Nynorsken og regionreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Innlegg i Bergens tidende 22. september 2016

Det er hyggeleg å verte tiltrudd evna som vismann. Men det er politikar og statsråd eg er. Og frå den posisjonen trur eg ikkje regionreforma er den trusselen mot nynorsken som Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, og Astrid Helene Olsen i Hordaland Mållag gjev uttrykk for i BT 5. september.

Eg trur rett og slett at færre, men sterkare fylke er til beste for alle delar av landet. Det sikrar desentralisering av makt og lokalisering av offentlege arbeidsplassar. Og det legg til rette for ei utvikling basert på regionale fortrinn, føresetnader og prioriteringar. Eit slikt fortrinn kan til dømes vere det nynorske språket og alt som det representerer.

Når det gjeld spørsmålet om nynorsk som målform i fylkeskommunal forvalting ved større einingar, er det opp til dei einskilde fylka. Det er ikkje naturleg å leggje statlige føringar på dette området. 

Dei to krev at eg skal garantere at det nynorske språket ikkje blir svekt som følgje av regionreforma. Det ligg ikkje for ein politikar å dele ut garantiar, og særskild ikkje for kva målform innbyggjarane vel å bruke. Eg er meir oppteken av at vi får ei inndeling av kommunar og fylke som gjev oss livskraftige lokalsamfunn og sterke regionale einingar. Her er vi også samde om at eit sterkt vestlandsfylke kan styrkje Vestlandet. Det vil i sin tur også kunne styrkje nynorsken og vere til hjelp for alle som bruker språket.