Historisk arkiv

Godkjenner nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa gjev Høgskulen i Volda (HVO) klarsignal til å starte arbeidet med eit nytt mediebygg. Byggeprosjektet har ei styringsramme på 201 millionar kroner med eit areal på om lag 3900 kvadratmeter. Målet er at nybygget skal vere klart til innflytting i 2021.

Eg er svært glad for at mediebygget no kjem på plass ved Høgskulen i Volda. Endringane i mediebransjen har dei siste åra gått raskt. Då er det viktig at den leiande medieutdanningsinstitusjonen i landet får eit bygg som gjer det lettare for studentar og forskarar å boltre seg i desse kommunikasjonsutfordringane og moglegheitene, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).  

Det nye mediebygget er dimensjonert for 470 studentar og 50 tilsette. Statsbygg er byggherre, og HVO står for finansieringa av byggeprosjektet i form av husleige.

Tidlegare har hovuddelen av studie- og forskingsverksemda til HVO vore lokalisert i Ivar Aasen-bygget. Men den tekniske tilstanden på bygget står ikkje i stil med satsinga institusjonen ønskjer å gjere innan digital læring og medieutdanning. Eit nytt bygg er difor dimensjonert for moderne medieproduksjon, undervisning og forsking.

— Studentane og dei tilsette ved Høgskulen i Volda har høge ambisjonar for framtida. Då er det viktig at lokala dei skal studere og arbeide i er framtidsretta både teknologisk og miljømessig, seier statsråd Nybø (V).

Ved sidan av å vere teknologisk moderne vil bygget óg vere miljøvenleg. Samanlikna med eit referansebygg skal dette prosjektet medverke til ein reduksjon i klimagassutslepp på 30 prosent.