Nytt datasystem ved Brønnøysundregistra

Statsbudsjettet 2016

Regjeringa foreslår å løyve 205 millionar kroner til nytt datasystem for Brønnøysundregistra.

- Brønnøysundregistra er viktig for kontakten mellom bedriftene, styresmaktene og privatpersonar. Eit nytt IKT-system vil gi enda betre og meir brukarvenlege digitale tjenester, seier næringsminister Monica Mæland.

Regjeringa foreslår ei startløyving på 205 millioner kroner. Prosjektet har ei total kostnadsramme på om lag 1,2 milliarder kroner.

Utan eit nytt IKT-system er det risiko for at registerdrifta ved Brønnøysundregistra stoppar opp. Eit nytt IKT-system er også ein viktig føresetnad for vidare utvikling av Altinn.

Regjeringa foreslår også å redusere næringslivets gebyr til Brønnøysundregistra med 78 millionar kroner.

- Dette er godt nytt for mange bedrifter. Det blir blant anna lettare å få tilgang på oppdaterte opplysningar, utan at ein må betale for det. Auka tilgang på informasjon kan også føre til meir innovasjon, utvikling og verdiskaping for næringslivet, seier Mæland.

Tiltaket er del av ein generell gjennomgang av gebyr- og avgiftssatsane.

Statsbudsjettet 2016 for Nærings- og fiskeridepartementet finnes her: Prop. 1 S Nærings- og fiskeridepartementet