Nytt fagskoleråd

Kunnskapsdepartementet har oppnemnt nytt nasjonalt fagskoleråd for perioden 2018-2020.

Regjeringa er oppteken av å styrke fagskolane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. I 2016 fremja vi derfor stortingsmeldinga "Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning", og utkast til ny fagskolelov vert no behandla i departementet.

Studentane i fagskolerådet er valde for eit år. I fagskolerådet sit representantar for arbeidsliv og fagskolesektoren. Rådet har 18 medlemer.

 Organisasjonane som er medlemer av det nye fagskolerådet:

  • Landsorganisasjonen i Noreg (LO)
  • Næringslivets hovedorganisasjoner (NHO)
  • KS
  • Virke
  • Utdanningsforbundet
  • Spekter
  • Yrkesorganisasjonane sine Sentralforbund (YS)
  • Forum for fagskular (FFF)
  • Norske Fag- og Friskolers Landsforbund (NFFL)
  • Kristne Friskolers Forbund (KFF)
  • Rådet for fylkeskommunale fagskular (RFF)
  • Vaksenopplæringsforbundet (VOFO)Fleksibel utdanning Noreg (FUN)
  • Organisasjonen for norske fagskulestudentar (ONF)

Her er brevet om oppnemninga (lenke).

 

Til toppen