Historisk arkiv

Nytt forskings- og utviklingsprogram (FoU) for eit inkluderande arbeidsliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Det er etablert eit nytt FoU-program under IA-avtalen som skal bidra til ny kunnskap innanfor avtalens innsatsområder. Fyrste utlysing ligg ute no.

Partane og myndigheita har bestemt at det skal etablerast eit FoU-program under IA-avtalen. Programmet skal bidra til å gjere kunnskapsutviklinga meir målretta, handterbar, koordinert og heilskapleg.

Strategiske val og overordna føringar er forankra i dialog med partane i arbeidslivet. Arbeids- og velferdsdirektoratet administrerer og drifter programmet. 

Millionar til forsking

FoU-programmet for IA-avtalen har lyst ut inntil 25 millionar kroner til forsking på sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet. Utlysinga er open, og forskingsmiljøa blir utfordra på kva som vil vere viktige forskingsspørsmål innanfor  dei strategiske temaområda. Fristen for å levere prosjektskisse er 31. januar 2021.