Historisk arkiv

Frå 1. januar 2010:

Nytt fylkesvegnett - og lovendringar på vegsektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa har i statsråd i dag gjort lagt fram forslag til ein del lovendringar for å gjennomføre forvaltningsreforma og overføring av om lag 17 000 kilometer veg til fylkeskommunane og Oslo kommune. - Reforma vil styrkje regionalt nivå og gi ei betre utvikling av vegnettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa har i statsråd i dag gjort lagt fram forslag til ein del lovendringar for å gjennomføre forvaltningsreforma og overføring av om lag 17 000 kilometer veg til fylkeskommunane og Oslo kommune. Forslaget omfattar ei eiga lov som regulerer overgangsspørsmål og gjer endringar i veglova og vegtrafikklova.

Denne overføringa skal skje med verknad frå 1. januar 2010. Overføringa gjeld i hovudsak vegar som i dag er omtala som ”øvrige riksvegar”, det vil seie dei delane av riksvegnettet som ikkje er stamveg. Vegnettet som er att på staten si hand vil frå neste år utgjere 10 200 kilometer, og desse vegane vil få nemninga riksvegar.

- Reforma vil styrkje regionalt nivå og gi ei betre utvikling av vegnettet. Staten vil ha ansvar for å  overføre tilstrekkelege økonomiske ressursar slik at fylkeskommunane kan byggje, vedlikehalde og drive trygge og effektive vegar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

For å sikre ein god standard på heile vegnettet er det naudsynt at dette vert følgd opp i framtidige budsjett. Regjeringa legg opp til at fordeling mellom stat og fylkeskommunane og mellom fylkeskommunane skal avklarast i samband med opplegget for kommuneøkonomien for 2010. Ei slik avklaring vil kome i kommuneproposisjonen som vert lagd fram i midten av mai i år.